ODD-ERIK LOTHE

Odd-Erik Lothe og Kveldstell kommer for å feire Odd-Erik sine 30 år som artist!

page view image
Arrangementsdato

onsdag 29 apr 2026 19:30

Slutter onsdag 29 apr 2026 21:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Under 27
Konsertbillett
event image

Arrangementsinformasjon

Dørene åpner 18:00

Konsertstart 19:30

Odd-Erik Lothe feirar 30 år som artist i 2025 og vidare i 2026både med å gje ei rekkje konsertar og å sleppe eit nytt album. Onsdag 29. april kjem han og bandet Kveldsstell til Josefine Visescene. I bagasjen har Lothe med seg songar som ivrige konsertgjengarar og radiolyttarar har festa til minnebøkene. Det starta med Jordbær og Grasbrann og bandet Fabel i 1995 og har etterkvart blitt 14 utgjevingar. I hovudsak på nordfjordmål og innan visesjangeren, men også med nokresidesteg til rockabilly og humor. Denne kvelden får einoppleve litt av alt og i tillegg bli kjend med låtar frå hans nye album – 14. Eit album som allereie innad i bransjen har blitt omtalt som bestenotering. 

Med seg til Josefine Visescene har han tre av dei mest erfarne musikarane han har jobba med opp igjennom åra; ein nydelig trio som fargelegg musikken og tekstane til Lothe på meisterlig vis:

Halvor Folgerø: Kontrabass

Jan Erik Reknes: Trompet 

Åge Vaksdal: Trekkspel og tangentar

Foto: Aksel Muhle Lothe

Tags

visescenen
Organizer
Josefine Visescene